
woooow! ej å Oda Renate ska på swingkurs på SUFH i februar, looking forward:) de kjeme t å bl knallkjekt!! ska tru om vi fe me oss nåken mannfolk, trur de ha våre bra;) nåken so ser for sej mej danse?, ikkje ej heller:P HAHAHA!;)
Swingkurs på SUFH
Velkomen til swingkurs på Sunnmøre Folkehøgskule. Gjennom seks kveldar skal du få lære deg enkle grunntrinn og mange ulike turar i det vi kallar Vestlandswing eller "bygdaswing".
Swing er ei intensiv danseform som gir deg god trening for heile kroppen. Den er morsom og ikkje så vanskeleg å lære. Det er kjekt om du kjem i lag med ein partner, men det er heller ingen problem å kome åleine.
Vi satsar på å skape ei god stemning, der du i tillegg til å lære å danse kanskje også blir kjent med nye folk. Det blir pause med drikke og noko attåt.
Kurshaldarar vil vere Hilde Maria Espelid og Per Bernt Aske. Dei har fleire kurs i lag tidlegare og gler seg til eit nytt!
Kurskveldane vil vere torsdag og søndagar frå 19.30 til 21.30.
Datoar: 1., 5., 8., 12., 15. og 18. februar
Pris for heile kurset: kr 450,- per pers for vaksne. kr 300,- for studentar/ungdom

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar